Godt nytt år

 

Godt nytt år og velkomen til heimesida vår! 

2012 vart eit framgangsrikt år med stor auke i aktivitetar og arrangement. Dette krev
utvikling og oppdatering på fleire område - ikkje minst på heimesida. I samarbeid med vår
eminente nettredaktør Tarjei Kårfald, har vi oppdatert menyen og innhaldet, slik at du som
lesar skal få betre oversikt over kva vi arbeider med.

Facebook: I året som gjekk har vi oppretta bedriftside på Facebook. Denne blir oppdatert
langt oftare enn heimesida, og opnar for direkte kommunikasjon med våre tilhengjarar.
Besøk oss gjerne på www.facebook.com/klaape, og hjelp oss med å nå målet om 300
tilhengjarar innan utgangen av 2013!

Aanrudåret 2013 markerer 150-årsjubileet for diktaren Hans Aanrud. Vi er sterkt involvert i
denne markeringa, og arbeider med produksjon av ei forestilling der Aanrud sine tekstar
blir framførde i kombinasjon med spesialskriven tekst og musikk. Etter premieren på
jubileumsarrangementet 6. september, er vi tilgjengelege for framsyningar rundt om i
landet. Les meir om forestillinga under Aktivitetar, og ta gjerne kontakt dersom du ønsker
å avtale ei oppsetjing der du bor!

Var eg ein Gud..., ei konsertforestilling med kulturformidlar Trond Klaape og folkemusikar
Inge Gjevre på scena, er vårt fyrste arrangement i 2013. Forestillinga er bygd opp kring
tekstar av Hans Børli, Tor Jonsson, Inge Krokann, Erik Bye og André Bjerke. Tekstane blir
bundne saman av folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres. På kvar sin måte set dei
fokus på dei store eksistensielle spørsmåla som mange er opptekne av:

Kven er Gud, og kva har han med livet mitt å gjere? Er det rom for å tru og tvile samtidig?
Kvar kjem vi menneske frå, og korleis ser vegen ut når livsferda er over? Finst det ei bru
som sameinar kjærleiken, livet og døden til ein heilskap? Og kva er meininga med livet
når vi alle ein gong skal dø?

Sundag 20. januar kan du oppleve forestillinga i Skåbu kyrkje, eller sjå i kalenderen
vår for å finne neste oppsetjing. Vi har framleis ledig kapasitet for fleire framsyningar, så ta
gjerne kontakt viss du ønsker ei oppsetjing der du bor!

 

Vi ser fram til mange gode møtepunkt løpet av året, og høyrer gjerne frå deg dersom
du har innspel og tankar om samarbeid og felles prosjekt!

 

                      Gode helsingar,
Trond Klaape med familie og medhjelparar
 

Tekning av setra