Gåsøyfjøset

Seterdrift i ei ny tid

Da seterdrifta på Klaape tok slutt i 1977 vart det gamle seterfjøset ståande tomt. Tavlene til Blomros, Baslin og Raudyr heng framleis over båsane.
Ei svak lukt av ku og geit blir ei viktig påminning om den driftsforma som la grunnlaget for framveksten av Gåsøya som setergrend.

Gjennom fleire år har tanken om framtidig bruk av seterfjøset vokse fram hjå oss. I respekt for den tradisjonen og kulturarven vi er ein del av, har
vi valgt å nære tanken med tid, modning og tolmod.
I løpet av denne tankeprosessen har vi fleire gonger stilt oss spørsmålet: Korleis kan grunnlaget for seterdrifta bli synleggjort og ført vidare i ei ny tid?

Vi har valgt å bruke namnet Gåsøyfjøset, i respekt for den setergrenda som voks fram etter kvart som behovet for større beiteareal meldte seg hjå
gardbrukarane i Øvre Svatsum. Gjennom små steg og realistiske målsetjingar, vil vi gradvis ta fjøset i bruk og gjere det til vårt rom.
Slik budeiene innretta kvardagen og arbeidsrytmen med naturen som premissleverandør, vil vi arbeide mot å etablere ei drift som fokuserer på
menneske, dyr og natur som ein organisk heilskap.

I truskap mot tradisjonen, med fokus på notidige forhold og utfordringar, med forankring i røtene og vidsyn mot omverda, ønsker vi å gje 
Gåsøyfjøset form og innhald som synleggjer vårt felles ansvar for å verne om alt det skapte.

 

gaasoyfjøset

 

I prosessen med å gi form og innhald til Gåsøyfjøset lèt vi oss mellom anna inspirere av:

  • Den heilage Frans av Assisi: Ven av dei fattige og sjuke. Audmjuk av hjarta. Levde i pakt og nært samspel med alt det skapte. Grunnleggjar av Franciskanarordenen.
     
  • Økofilosofi: Økologiens filosofi. Sentralt i økofilosofisk tenking står erkjenninga av at heilskapen er meir enn summen av dei enkelte delane. 
    I Noreg blir økofilosofien gjerne knytta til føregangsmennene Arne Næss og Sigmund Kvaløy Setreng.
     
  • Knut Rasmussen Nordgarden - «Vis-Knut»: Vismannen frå Svatsum. Hadde evna til å lækje sjukdom og stille smerte. Synsk og framsynt.
    Levde eit enkelt og nøysamt liv, frigjort frå pengar og eigedelar. Nært knytta til naturen og med stor kunnskap om sjukdomslækjande urter og planter.