Seterdrift

Eit historisk, sosialt og psykologisk fenomen

7 km nordaust for Øvre Svatsum i Vestre Gausdal ligg setergrenda Gåsøya. Til grensa for Sør-Fron kommune er det om lag ein kilometer. Den korte avstanden til setergrendene Årstulen og Kristensetra skapte god kontakt mellom gausdølar og sør-frøningar.

Av matrikkelen frå 1668 går det fram at Klaape gard hadde sommarseter på Gåsøya. Her var det eit yrande liv i sommarmånadene, med budeier og slåttefolk, storfe og småfe. Dei siste åra med aktiv seterdrift var prega av aukande spesialisering i husdyrhaldet. Da seterdrifta på Klaape tok slutt i 1977, var drifta konsentrert kring mjølkeku og kjøttproduksjon. I dag blir seterlykkje og hamning nytta til fôrproduksjon og beite.

Seterdrifta oppsto ut frå behovet for å utnytte beiteareal over eit større område, og i område som var lite eigna til fast busetjing. Desse fjell-og skogsbeita låg til vanleg så langt frå garden at buskapen ikkje kunne drivast fram og attende på ein dag. Etter kvart som fleire gardar starta setring innanfor eit geografisk avgrensa område, oppsto setergrenda som samfunnseining. Her var det ofte samarbeid og kontakt mellom budeier og arbeidsfolk på dei enkelte setrene. Dei norske setrene var for det meste i privateige, men beiteareala var felles for dei som høyrde til den enkelte setergrenda.

Det varierte landskapsbiletet i mange fjellområde, med veksel mellom skog og artsrike graslier, er i stor grad eit resultat av seterdrift. Ofte har seterdrifta ført til at tregrensa sank med fleire hundre høgdemeter. Utan seterdrift hadde den subalpine høgdesona vore dominert av artsfattige skogar. Tradisjonen med setring bidrog med andre ord til utviklinga av den landskapsforma vi kallar kulturlandskap. Ved aktiv beitebruk måtte artsfattig buskas gradvis vike for artsrike enger. Ved attendegangen i seterbruket, særleg på siste halvdel av 1900-talet, ser ein at utviklinga går andre vegen – frå kulturlandskap attende til naturlandskap.

Seterdrifta var tradisjonelt sett ei naturvennleg form for ressursutnytting. Her gjekk produksjon og foredling av råvarer føre seg innanfor samme område, utan dyr og forureinande transport. Menneske, dyr og natur levde side om side i eit tilnærma symbiotisk forhold. Gamle budeier kan fortelje om lange og strevsame arbeidsdagar, som dei allikevel såg fram til med lengsel og glede gjennom vinteren. Det kan sjå ut som om fleire aspekt bidrog til å oppretthalde trivsel og glede over livet på setra:

  • Å ha setra som bustad innanfor eit avgrensa tidsrom, kan sjåast på som ein friperiode frå krav og forventningar om effektivitet, samhandling og sosial kontakt i bygdesamfunnet. Setergrenda vart eit eige samfunn med sin eigen puls og rytme, i eit tempo som kan ha bidrege til å fremje opplevinga av fysisk og psykisk velvære.

  • Trass i krevjande arbeidsoppgåver var kvardagen på setra prega av tilgang på tid. Ystinga krevde i snitt om lag ein tredel av døgnet, og kunne ikkje framskundast utan å redusere kvaliteten på den ferdige osten. I kombinasjon med andre gjeremål som onnearbeid, krøtterstell og matlaging, kunne mangfaldet i arbeidsoppgåver bidra til å forsterke opplevinga av å handle innanfor eit rom av tid, rytme og variasjon.
     
  • Nærleiken til naturen kan ha opna opp for andre perspektiv og tankar enn dei ein til vanleg fekk tilgang på som medlem av bygdesamfunnet. Å leve i nærkontakt med dyr og natur, kan gi næring til innsikt i seg sjølv og sine ibuande potensiale. Å vere og arbeide med nærleik til urørt natur, kan gi rom for opplevinga av å vere i eitt med skaparverket. Slike opplevingar kan bidra til å forsterke lengtinga og nærværet av Gud – han som skaper og er til stades, uavhengig av tid og rom.